Å HERREGUD

EG HAR ALDRI VORE SÅ SJOKKERT I HEILE MITT LIV. FRP har komt med eit forslag om at muslimske elevar skal gå med davidstjerna på skulen, slik jødane blei tvinga til av tyskarane under andre verdskrig. Gå med davistjerne? Herreguuud. Når ein foreslår noke slikt, må ein vere fullstendig hjernedød, ha utrulig lite forståelse for andre medmenneske og vere så komplett idiot, på grensa til rasist, som det går an å bli. Dette her viser berre at FRP- arar verkeleg er den verste menneskesorten som eksisterar her i landet. Eg synest oppriktig synd på menneska med ein anna religion som kjem til Noreg, herregud. Det går an å sjå litt utanfor si eiga verd av egoisme og usolidaritet, FRP-arar! Eg er rett og slett så sjokkert at eg ikkje veit kva eg skal sei. Og at nokon i heile tatt stemmer på FRP, gjer meg skremt, opprørt og fortvila. Sjå dåke LITT rundt om i verda. Det er virkelig ikkje berre nordmenn som bur her. 

http://www.dagbladet.no/2010/03/27/nyheter/innenriks/fremskrittspartiet/islam/jodedom/11045416/

jess!

Jess, eg oppdaga nettopp at det var tirsdag, ikkje mandag!! og det betyr; nærare helg og nærare juleferie! Så eg er kjemeglad, skal ikkje så mykje til for å glede meg. Eg sit og skrive refleksjonsnotat, pån igjen, like tungt kvar gong. 350 ord på to timar, no no. Internett og alle dets mogelegheiter er fristande, og eg driv med alt anna enn lekse! Og som vanleg, lekse betyr ei lyst for å blogge. 

Musikk, musikk, musikk, det er vanvittig herlig. No høyrer eg på Gorillaz- albumet demon days, for n-te gong, og syns det er heilt fantastisk bra.

 Hadde det heilt utrulig artig i helga! er nok ikkje den ivrigaste fotografen på ein fredagskveld, so eg har ikkje noke bilde å vise. Men stikkord er: kjekke gaularfolk, pink floyd og alkohol, fantastisk! men, som alltid, får eg idear om å gå og legge meg. denne gongen vart det i 2- tida, så eg tok kvelden ganske tidleg. Når eg vaknar opp dagen etterpå blir det alltid; søren koffor MÅ eg alltid sovne? men, eg skulle trass alt på jobb, så det var kanskje til mitt eige beste. Men til dåke neste gong; vekk meg ALLTID opp igjen, uansett kor motvillig eg er! 

no MÅ eg skrive, so auf wiederzen!


 
kaffi next:) 
og til alle dåke som står på i København: you can do it! skulle gjerne vore der med dåke!

Eg er berre 17, eg

Det er merkelig det, lysta til å blogge skyt alltid inn når eg set i gong med lekse. Det skjedde denne gongen òg. Vi er nett ferdig med ei nazi- veke, med naturfagprøve, 2x Egypt- innlevering, og noke anna, som eg ikkje kjem på. Eg trur eg har fortrengt alt som er innlevert, og dytta det så langt bak i hjernen at det ikkje kjem fram før eg evt får ein nokelunde skappelig karakter, muligens. Eg og broren min, sit her heime i fagre Hestadgrend, medan Petter Northug pustar og pesar seg i mål. Til ein 1. plass. Respekt til han, at han orkar. Tenk å ha ein sånn energi, som mamma pleie å sei. 

Eg har prøvd å skreve noke refleksjonsnotat, om ka eg har gjort og kor og korleis og kortid og kvifor. Neste veke blir litt av ei nazi- veke den òg, men heldigvis har eg fått bytta noken vakter med noken übersnille kollegaer som eg er kjempeglad i akkurat no. Visst eg i tillegg skulle jobba kvar dag, hadde det blitt døgning og fleire liter kaffi kvar dag, og når bursdagen på fredagen endelig kom, hadde eg rett og slett ikkje hengt i hop. Så eg er gladgladglad for det, samtidig som det berre er fem dagar til eg er 18!:):):)smileysmlieyx300000!! Eg veit ikkje heilt ka eg gledar meg til, kanskje å henge med oversminka jenter som nesten ikkje har kle på seg i novemberkulda og solariumsglissne, krittkvitsmilande førde-mamma-gutar på Badabing, eller det å handle så mykje drikke på polet så eg ser ut som ein ustabil alkoholikar, eller det å ha eit VISA- kort, slik at alle pengane flyg ut av kontoen fordi eg kan handle unødvendige kle og dukar på internett som blir liggande i skuffa. Eg veit ikkje, kanskje det er dèt at eg faktisk kan seie at eg ER 18, og ikkje ein mindreårig 17- åring som framleis er underlagt foreldra og treng underskrift for at ein kan skaffe seg pass og må ha tillatelse til å reise på skuletur. Eg er 18, eg! - det gledar eg meg til å sei. 5 dagar, ååh. 

bilete av meg og bror min, nesten på akkurat samme plass som vi sit no. 

bilde 200

Åh!

Eg er blir så glad når eg for eingongskuld klarer å vere effektiv, når det verkeleg gjelder. Novelleanalyse, levert 20 min før tida. No blir det bursdagsfest, endeleg. 

Skrivesperrrrrre

Ja, det var dinna novelleanalysa då. Eg har greitt å knota ned ei side på, ja, vel, 5 timar, så det vil seie.... lite effektiv skriving. Eg har vel egentlig ikkje meir å seie om denne sjitnovella, eg har pressa den siste dråpen ut av sitronen, bøtta er tom, alle monner har dratt, lyspæra har gått, fuglen har fløyet, rett og slett. Eg har tilogmed drukke ein halv liter kaffi, + ein halv liter kakao, utan at det hjalp noko. Det merkast at det er 13. året på skule, for å sei det sånn. 

n70337030520373673947
 
Ditta bildet får meg i godt humør igjen! Herlighet, ikkje spør kvifor vi gjekk med på å gjere noke sånt. For eg har ikkje svar. 
Frå høgre: Urda, meg, Nina, Vilde Andrea, Malene

Å, kjære hybel!

Eg ELSKAR verkeleg hybelen til meg og Urd. Og det å bu i Førde. Eg elskar det, alt er heilt perfekt!! Ååh! OG for dåke som ikkje har vore her endå, eg gleer meg til dåke kjem! 

bilde 106

Søndag, ja

No skulle eg setje meg ned og gjere alt av lekse og ditt og datt, men sidan noken ark og alle bilda mine ligg på skulen, viser det seg at eg egentlig ikkje kan gjere noke av leksene i det heile. Så då blei det blogg. Eg er nett komt heim frå bursdagsbesøk hos bestemor, og det blei som vanleg full middag og kaker og kaffi og alt på eingong. Kjempekoseleg. Eg har faktisk feira bursdagar tre dagar på rad, når eg tenker meg om! Trude på fredag, som var kjempekoseleg, laurdag Line, frå gamleklassen (som egentlig ikkje blei noke fering sia eg sovna klokka ti) og i dag, bestemor. Shitshit. 

Eg har òg lærekøyrt heilt i frå Førde til Skei i dag. Eg køyrte ikkje på nokon eller noko, så då må eg seie at det var ganske vellukka. Den dagen eg får lappen, ja då står verda verkeleg på hovudet. 

Eg dreiv og såg igjennom Photobooth-albumet i stad, og då fann eg mykje snasne bilde. Mange av dei har folk tatt mens dei har vore på fest her, og det er no ganske morsomt! Her er eit kort utdrag:

bilde 197
 Meg og min broder

bilde 97
 Meg og Leo og Elise

bilde 88
bilde 81

bilde 56
Lise og meg!

bilde 45
bilde 41
bilde 71
 
So var det leksene då, adios!

yes indeed

sarkasme
det er ein kjærleg ting ein har her i livet

Ironi 
Det er det heilt motsatte av det det er
 Til dømes: Desse veggane her var grøne!

Sodapop and toys

One two three four!
Hey ya
Hey ya
 Hey ya

You think ou got it 
Oh

Eit dikt

Hello in the luke! 

Det var ein gang ein stein
Den var jævlig stein

Det var ein gong eit tre.
Det blei stein

Kake er godt når det er vår
namnam 
Då får ein lyst å ta på sine lår

Blomstrane luktar sitronjuice
I vertfall når det er fullt hus
Då kan ein leike mus

Lalalala
Mooooongoapepave

- Ragnhild Gjeeeelsvik

Tull og fanteri

Guri, eg har det utrulig kjekt for tida, og synest dette har vore ein KNALL ferie hittil. Håret mitt har blitt vesentlig kortare, syns eg, og det har ikkje andre enn sjølve mesterfrisøren Anny gjort (med noko innabords)! Det er nok ikkje stor forandring, men eg merkar veldig forskjell. 

Dagane går mykje til jobbing, men det er heilt ok når ein har kjekke kollegaer. I tillegg har Nina omtrent budd med meg her i Førde, og det har gått mykje i latter og fanteri! Rett og slett heilt supert. I tillegg har eg vore på båt-piknik med kjekke folk, hatt film-maraton til langt på natt, tullete kveldar i Førde med festlige folk, og vore på fleire turar med nabojentene. Besøk av Anny har og vore eit høgdepunkt. Vi lo og tulla heile kvelden, og det var utrulig kjekt! Eg lovar å legge ut bilete, når eg ein gong skjønnar korleis ein overfører bilete frå Iphone til Apple-maskin (dette burde eg vel egentlig funne ut etter eit halvt år med mobilen). 

Noko som kanskje er litt tristare, er at eg er meir vekke enn heime. Det var ikkje planen i heile tatt i sommar, ettersom at eg skal bu i Førde i eit år til hausten. Men det går heilt fint, for eg kan konstantere at vi har tidenes beste naboar!

I kveld var eg og Princess og Margrethe på Harry Potter. Og eg må seie at eg kvapp ganske mykje, men det var alt i alt ein bra film! no ser eg fram til at Nina kjem i morra, ho savnar eg verkeleg. Men jobb klokka 8, derimot, blir nok ikkje so kjekt. Men det er ein stor trøyst at det er Malakoff til helga, det blir tidenes!! 
bilde 34
 Slenger med eit bilete av meg og Ragga, hugsar ikkje kortid det blei tatt.

ADIOS!
Les mer i arkivet » Mars 2010 » Desember 2009 » November 2009
hits